Hans Christian Harboe Grønn () var ein norsk jurist og stortingsmann frå Halden.

Grønn var son til ein innrulleringssjef i Fredrikshald. Sjølv vart han student i 1846 og cand.jur. i 1850. Frå 1851 var han advokatfullmektig i hovudstaden, dernest overretssakførar i 1856 og høgsterettsadvokat 1860. Periodien 1870-73 var han regjeringsadvokat i Noreg.

Grønn grunnla det advokatfirmaet som i dag, gjennom ei rekkje namnebyte og fusjonar, er Advokatfirmaet Thommessen.

Grønn var fjerde-representant for valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger på Stortinget valbolken 1877-79. Han møtte 1877-sesjonen fram til 9. mai, medlem av justiskomiteen. Etter å ha vort permittert grunna sjukdom i 1877, møtte han korkje i 1878 eller 1879.

Grønn døydde ugift i Kristiania i 1902.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Oslo