Syktyvkar (komi og russisk Сыктывкар) er hovudstaden i Republikken Komi i Nordvestrussland i Russland med om lag 245 000 innbyggjarar. Ved Syktyvkar renn Syssola ut i Vytsjegda, og det er dermed både verftsindustri, ei hamn og treforedlingsindustri her.
Klimaet i Syktyvkar er kontinentalt og kaldt, med fuktig preg. Normaltemperaturen i er –17 °C og i juli +17 °C. Normal årsnedbør er 541 mm.
I Syktyvkar ligg det ulike institusjonar for vitskap og kultur, både teater, museum og høgskolar. Syktyvkar var i 1980 vertskap for den femte internasjonale fennougristikk-konferansen.
Historie
Utvikling av folketalet
År Folketal 1933 17 200 1962 79 000 2001 228 100
Det var busetnad der Syktyvkar ligg allereie på 1500-talet. I 1586 vart det grunnlagt ein tettstad Ust-Sysolsk (Syssolskoje), staden fekk bystatus i 1780. I 1930 fekk byen, i samsvar med den sovjetiske språkpolitikken, namn på komi, nemleg Syktyvkar.
Utdanningsinstitusjonar
Syktyvkar statlege universitet (grunnlagt 1972) Komis Statlege Pedagogiske Institutt Skogbruksinstitutt, del av St.Petersburg Tekniske Forstakademi
Kjende menneske frå Syktyvkar
Vasilij V. Rotsjev, skilaupar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Syktywkar» frå , og «Syktyvkar» frå den 27. desember 2005.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Komi