Jan Roland Nilsen () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Bergen.

Nilsen var son til ein arbeidar. Sjølv vart han fut i Senja og Tromsø fogderi til han i 1822 vart sorenskrivar i same futedømmet. Frå 1837 var han stiftsamtsskrivar i Bergen, der han døydde fire år seinare.

Nilsen representerte Finmarkens amt på Stortinget i 1821 og 1830. I 1821 var han medlem av 16 komitear, sekretær i fem av dei. Han var sekretær i komiteen om skulelærarløna, om postgangen gjennom Sverige, om vinterpost til Finmarken over Haparanda. Elles var han medlem av komiteen om tiend og russefisket i Finmarken og rettspleia under Lofot-fisket, samt nordlandske kyrkje- og skulefond. Han møtte ikkje på omframtstortinget 1822. I 1830 var han visesekretær i Odelstinget og sekretær i næringskomiteen og i komiteen om «finmarkske forhold».

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske futar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Bergen