«Ain't No Sunshine» er ein song av Bill Withers frå albumet Just as I Am i 1971, produsert av Booker T. Jones. Med på albumet spelte Donald «Duck» Dunn på bassgitar og Al Jackson, Jr. på trommer, i tillegg til Withers på vokal og gitar. Strykearrangementet vart laga av Booker T. Jones og han vart spelt inn i Memphis av lydteknikaren Terry Manning. Songen vart gjeven ut på singel i september 1971 og vart det store gjennombrotet for Withers. Songen nådde sjetteplassen på U.S. R&B-lista og tredjeplassen på Billboard Hot 100.
Songen er i moll.Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in rock: A Stylistic Analysis, p.89. ISBN 978-0-300-09239-4.
Historie Withers var inspirert til å skrive songen etter å ha sett filmen Days of Wine and Roses frå 1962. Han snakka om karakterane i filmen spelt av Lee Remick og Jack Lemmon, «Dei var begge alkoholikarar og var vekselvis svak og sterk. Det er som å ta ein ny porsjon med rottegift. Stundom saknar du ting som ikkje nødvendigvis var særleg bra for deg. Det var berre noko eg tenkte på då eg såg filmen, og truleg noko anna som skjedde i livet mitt som eg ikkje var klar over.»
For det tredje verset i songen hadde Withers tenkt å skrive meir tekst, men repeterer i staden «I know» 26 gonger, etterfølgd av eit råd til dei andre musikarane om å berre la det vere slik som det: «Eg var ein fabrikkarbeidar som putla på, så då dei sa la det ver slik som det, så let eg det vere.» Withers, som då var 31 år gammal, arbeidde på ein fabrikk som laga toalettseter for 747-fly på den tida.)
Songen vart opphavleg gjeven ut som B-side til ein annan song kalla «Harlem». DJane spelte i staden «Ain't No Sunshine» og han vart ein stor hit..
«Ain't No Sunshine» er rangert på 285. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen vann ein Grammy for beste R&B-song i 1972.
Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Lighthouse Family, Aaron Neville, Al Jarreau, Horace Andy, Michael Jackson, Nancy Sinatra, Freddie King, Joan Osborne, Will Young, Lyn Collins, Richard Marx, Sydney Youngblood, rapparen DMX, Scott Walker, Isaac Hayes, Kenny Rodgers, Tom Jones, Neil Diamond, Roy Ayers, Michael Bolton og Paul Carrack
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ain't No Sunshine» frå , den 3. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Bill Withers-songar Kategori:Songar skrivne av Bill Withers Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Lyn Collins-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Richard Marx-songar Kategori:Michael Jackson-songar Kategori:Sydney Youngblood-songar Kategori:DMX-songar Kategori:Will Young-songar Kategori:Scott Walker-songar Kategori:Nancy Sinatra-songar Kategori:Isaac Hayes-songar Kategori:Kenny Rogers-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar om hjartesorg