The Drift er det trettande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 2006 og nådde 51. plassen på UK Albums Chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Utanom musikken han laga for filmen Pola X, var dette det første albumet til Walker på 11 år og berre det tredje albumet sidan The Walker Brothers vart oppløyst i 1978.

Walker komponerte songar for albumet i løpet av 11-årsperioden etter Tilt kom ut i 1995 og byrja med «Cue», songen det tok lengst tid å gjere ferdig. Ein tidleg versjon av «Buzzers» vart framført på Meltdown-festivalen den 17. juni 2000 med tittelen «Thimble Rigging». Albumet vart spelt inn i løpet av ein 17 månadar lang periode ved Metropolis Studios i Chiswick i London, og orkesteret vart spelt inn i løpet av ein dag ved George Martin sitt AIR Studios i Hampstead i London. Det fekk god kritikk frå kritikarane og vart gjeve ut på LP og CD i mai 2006. Plateomslaget vart laga av Vaughan Oliver.

Oversyn The Drift dannar den andre i ein slags trilogi som starta med Tilt og enda med Bish Bosch i 2012.http://www.guardian.co.uk/music/2012/nov/23/scott-walker-interview I åra mellom Tilt og The Drift gav Walker ut fleire instrumentalspor til filmen Pola X, ein coverversjon av Bob Dylan sin «I Threw It All Away» til To Have and to Hold og «Only Myself To Blame» til filmen The World Is Not Enough, i tillegg til samlealbum med tidlegare ikkje utgjeve materiale, som plateboksen 5 Easy Pieces.

The Drift har av fans og kritikarar vorte skildra som eit forstyrra og komplisert album som skil seg frå dei føregåande albuma til Scott Walker, men som likevel held seg til dei eksperimentelle røtene hans. Den franske songaren Vanessa Contenay-Quinones har stemma til Clara Petacci på «Clara».

Musikken har ein ubønnhøyrleg mørk og utrygg stemning, ofte med rolege delar og brå støy side om side, for å skape eit ubehag hos lyttaren. Tema i songane omfattar tortur, sjukdom, 9/11, og Elvis Presley.Elvis Dreams of 9/11, ei melding frå New York

Mottaking

The Drift fekk positive meldingar hos dei fleste kritikarane.

Innhald

Medverkande Scott Walker – vokal, gitar, munnspel, saksofon, lydhandsamingar Hugh Burns – gitar Ian Thomas – trommer Mark Warman – klaverinstrument, orkestrering, dirgent, perkusjon, treblåseinstrument, lydhandsaming Philip Sheppard – orkestrering, dirigent, cello Alasdair Malloy – perkusjon, trommer John Giblin – bass Steve Pearce – bass Peter Walsh – lydhandsaming, sitar, perkusjon Andrew Cronshaw – treblåseinstrument, concertina James Stevenson – gitar Brian Gascoigne – klaverinstrument, lydhandsaming Thomas Bowes – fiolin Vanessa Contenay-Quinones – vokal Beverly Foster – stemme Pete Long – saksofon Rohan Onraet – perkusjon Lucy Painter – vokal Rebecca Painter – vokal Ralph Warman – vokal Derek Watkins – flygelhorn

Produksjon Produsert av Scott Walker & Peter Walsh Lydteknikarar: Geoff Foster, Peter Walsh Miksing: Peter Walsh

Lister Liste PlasseringBelgian Albums Chart 49German Albums Chart 97Irish Albums Chart 80UK Albums Chart 51

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Drift» frå , den 3. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Drift at the official 4AD site. Also "Jesse" video Album completion announcement at the official 4AD site. "Horrorpop!" - Momus writes about The Drift. Dan Warburton on The Drift

Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:4AD-album Kategori:Eksperimentelle rockealbum Kategori:Scott Walker-album