Diban (arabisk ذيبان, òg skrive Thiban eller Dhiban) er ein by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, ved austbreidda av Eufrat, sør for Deir ez-Zor, 17 kilometer sør for al-Busayrah og 13 kilometer nord for Asharah. Av stader i nærleiken finn ein Mayadin i nord og aust, al-Hawayij i nordaust, Makhan i sør og al-Tayanah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Diban eit folketal på 9 000 i 2004. Han er det administrative setet i ein nahiyah («underdistrikt») som består av ti stader med eit samla folketal på 65 079 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement.

Ein del av Diban ligg på ein ås kalla Tell Diban, som òg er ein arkeologisk stad. Tell Diban er identifisert som den arameiske byen Rummunina i antikken,Lipinsky, s. 84-85.Bryce, 2009, s. 598. eit namn som truleg kjem frå det arameiske ordet rumman («granateple»). Byen og området rundt fungerte som militærleir for hæren til den assyriske kongen Tukulti-Ninurta II under det siste felttoget hans i 885 fvt. Kongen rapporterte at Rummunina låg langs ein kanal i Khabur, ei sideelv til Eufrat. I følgje den belgiske orientalisten Edward Lipinsky, var Tell Diban «utan tvil busett i jarnalderen».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diban» frå , den 10. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Mayadin-distriktet Kategori:Byar ved Eufrat Kategori:Byar i Syria