Matthias Conrad Peterson () var ein danskfødd kjøpmann og pressemann som virka i Trondheim. Han er kjent som den første som feira grunnlovsdagen 17. mai offentleg.Matthias Conrad Peterson frå Trondheim.no (Vitja 12. mai 2014)Stein Erik Kirkebøen: «Kampen om toget» – Aftenposten 16.mai. 2008 (Vitja 12. mai 2014)
Peterson var son av ein skomakar og vaks opp i enkle kår. I 1782 kom han med skip til Trondheim og her blei han resten av livet. I starten arbeidde han ved ymse handelsverksemder fram han i 1818 fekk eige handelsløyve. Peterson tok aktivt del i forretningslivet i Trondheim; han var initiativtakar til byens børsliv og fekk plats i direksjonen i Noregs Bank da den vart stifta i 1816. I tillegg leverte han stadig artiklar til Adresseavisen. Han blei tilsett som redaktør i avisa i 1795.
17. mai-feiring I 1815 tok Peterson initiativ til feiring av 17. mai i Trondheim. Han ville gjere 17. mai til ein stor nasjonal festdag. I 1824 skreiv han i Adresseavisen: «Hvor viktig maa ikke Anledningen til saadan en aarlig Fest blive for den tilvoxende Ungdom!» I 1826 gjekk tusenvis i tog frå Ilevollen i Trondheim, og toget vart òg eit høgdepunkt i feiringa i 1827.
Kjelder
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Schleswig-Holstein Kategori:Folk frå Trondheim