Gips er eit mjukt mineral danna av kalsiumsulfat, med formelen CaSO4·2H2O.

Gips blir særleg danna ved inndamping av sjøvatn. Det kan òg dannast ved vulkansk aktivitet (varmekjelder), ved oksidasjon av sulfidhaldig malm og som efflorescens i jord eller kalksteinsholer.

Velkrystallisert gips blir kalla selenitt. Ein fibrig variant blir kalla silkespat, medan tett, finkorna gips er kjend som alabast.

Det finst gips i Noreg i mindre mengder i sprekker i alunskifer i Oslofeltet og einskilde kisførekomstar i Løkken og Sulitjelma. Det finst òg i Søftestad gruver i Telemark. Ein finn også materialet [å Spitsbergen, der det er utbreidd i sedimentlag frå karbon og permtida.

I verda vert det produsert kring 90 millionar tonn gips per år. Dei største produsentane er USA, Canada, Iran, Kina og Japan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

WebMineral Mineralgalleri

kategori:Kalsiummineral kategori:Sulfatmineral kategori:Sedimentære bergartar kategori:Evaporitt kategori:Alkymistiske stoff kategori:Monokline mineral