Christian Ditlev Adolph Arenfeldt ()C.D.A. Arenfeldt frå Dansk biografisk leksikon / Den Store Danske var ein dansk-norsk offiser.

Arenfeldt kom til Noreg i 1787 da han vart utnemnd til sjef for Jarlsbergske kompagni av 2. smålenske infanteriregiment. I 1789 gjekk han over til det norske jegerkorpset, blei major i 1798, oberstløytnant i vesterlenske infanteriregiment i 1806, oberst og sjef for regimentet og kommandant i Kristiansand i 1811.

Han deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814. I 1814 var han generalmajor med ansvar for dei norske styrkane ved utløpet av Glomma. Under vapenkvilen hausten same år hadde han kommandoen over den norske hær.

Familie Arenfeldt var gift med Pauline Charlotte Marie Harbou. Dei fekk sju barn, to vaks opp; Andrea fødd i 1790 og Julius Friedrich fødd 1796. Sonen Julius gifte seg med Petronelle Holm og kom inn som eigar av lystgarden Gimle gard i Kristiansand. Garden var i familiens eige fram til 1982 og er no ein del av Kristiansand museum.Katrin Pabst: Adolph Arenfeldt, en herremann mellom tradisjon og modernitet. Et bidrag til Gimle gårds historie, side 5, 6 og 7

Utmerkingar Arenfeldt vart riddar av Dannebrogordenen i 1809 og kommandør i 1811. I 1814 blei han tildelt Sverdordenen av Karl Johan.Christian Ditlev Adolph Arenfeldt frå Oslo Militære Samfund (Word-dokument)

Kjelder

Kategori:Norske offiserar Kategori:Danske offiserar Kategori:Stormannsmøtet på Eidsvoll Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Sverdordenen Kategori:Folk frå Flensburg Kategori:Folk frå Kristiansand