Al-Qahtaniya eller Qbor el-Bid (arabisk القحطانية; assyrisk ܩܒܪ̈ܐ ܚܘܪ̈ܐ Qabre Ḥewore; kurdisk Tirbespiyê) er ein by i Al-Hasakah guvernement i Syria. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Qahtaniya eit folketal på 16 946 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Al-Hasakah guvernement. Dei fleste innbyggjarane er kurdiske, men her finst òg ein stod del assyrarar. Begge folkegruppene har levd her sidan byen vart grunnlagd seint i 1920-åra. På denne tida låg rådet (mustašār) for Jazire-området i Amuda. Det noverande namnet på Al-Qahtaniya kjem av arabiseringa i 1960-åra. Det offisielle namnet før dette var Qbor el-Bid ('Dei kvite gravene').
Den 13. mars 2004, under Al-Qamishli-opprøra, vart 40 kurdarar drepne. Åtak på sørgjande under gravferdene deira førte til vidare protestar i Al-Qahtaniya, og i dei påfølgjande dagane vart demonstrantar i byen skotne på og skadde.
Under den syriske borgarkrigen tok YPG kontroll over byen.
Diktaren og forfattaren Tuma Gawriye Nahroyo (1936-2002) var frå Al-Qahtaniyah.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Qahtaniyah, Al-Hasakah Governorate» frå , den 23. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i al-Qamishli-distriktet Kategori:Byar i Syria Kategori:Kurdiske busetnader