Brakksvale (Glareola pratincola) er ein fugl i brakksvalefamilien ned leveområde i dei varmare delane av Europa, sørvestre Asia og i Afrika.
Skildring mini|venstre|Brakksvale i flukt på Lesbos, Hellas Denne arten er 24-28 centimeter lang med 60–70 cm vengespenn. Brakksvala har korte bein, lange spisse venger, ein lang gaffeldelt stjert, og kort nebb, noko som er ei tilpassing for effektiv beiting i lufta. Ryggen og hovudet er brune, og vengene er brune med mørkare svingfjører. Buken er kvit. Undersida av vengene er kastanjefarga, men ser mørke ut.
Ein treng mykje gode observasjonar for å skilje denne arten frå andre artar i brakksvalefamilien, til dømes steppebrakksvale og orientbrakksvale, som begge kan førekomme i steppebrakksvala sitt utbreiingsområde. Sistnemnde art har òg ein kastanjefarga underveng, men med kortare halefjører.
Brakksvala hekkar i lause koloniar på sletteland eller opne område med låg vegetasjon, reiret med dei 2-4 egga ligg på bakken.
Medlemmene av brakksvalefamilien er uvanlege blant vade-, måse- og alkefuglar i det at dei vanlegvis jaktar insekt i flukt nett som svaler, sjølv om dei òg kan finne føde på bakken.
Brakksvala er ein fugl i ope land, og blir ofte sett i nærleiken av vatn på kveldstid når ho jaktar insekt. Ho er ein trekkfugl med hekkeområde rundt middelhavsområdet, Svartehavet og austover til Asia aust for Kaspihavet. Ho overvintrar i tropisk Afrika, og treffast sjeldan nord for hekkeområdet. Det er rapportert funn av 5 brakksvaler i Noreg i perioden frå 1976 til juni 2014.Etter http://artsobservasjoner.no/fugler/default.asp henta 1. juni 2014. Siste observasjon i Noreg skjedde på Bolga i 29-30. mai 2014
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Collared Pratincole» frå , den 1. juni 2014.
Referansar
Bakgrunnsstoff
BirdLife International (2014) Species factsheet: Glareola pratincola .
Kategori:Brakksvalefamilien Kategori:Streiffuglar i Noreg