Weasels Ripped My Flesh er eit album av The Mothers of Invention som kom ut i 1970. Det er det andre «posthume» albumet til the Mothes, etter at bandet vart oppløyst i 1969,Frank Zappa#Oppløysinga av det originale Mothers of Invention (1969) og kom etter Burnt Weeny Sandwich. I motsetnad til føregangaren, som hovudsakleg bestod av studioopptak av nøye arrangerte komposisjonar, består Weasels Ripped My Flesh hovudsakleg av konsertopptak og er song-orientert.
Albuminformasjon Zappa hadde alt synt ein hang til å uttrykke musikken sin i «fasar»—We're Only in It for the Money vart skriven som «fase ein av Lumpy Gravy"— reknar Zappa-fans stundom dette albumet som fase to av Burnt Weeny Sandwich. Begge albuma består av musikk av Mothers som ikkje tidlegare var gjeve ut, etter at Frank Zappa la ned gruppa i 1969. Alle utanom eitt spor på Burnt Weeny Sandwich har ei meir planlagt kjensle fanga av studioutstyr, medan fem spor frå Weasels Ripped My Flesh er the Mothers på scenen, der dei nyttar seg av frenetisk og kaotisk improvisasjon som er karakteristisk for avantgarde jazz og frijazz. Dette er særleg tydleg på «Eric Dolphy Memorial Barbecue», ei hyllest til multiinstrumentalisten, og som var ei av inspirasjonskjeldene nemnt i omslaget på albumet Freak Out!. Han døydde i 1964. Songen opnar med ein kompleks melodi over ein 3/4-rytme, og bryt ut i hyl og latter etter tre minuttar, så vert temaet repetert og utvida. Etter ein kort seksjon med villskap, vert nummeret avslutta med stopp-start-måten. Påverknadane klassisk musikk hadde på Zappa er karakterisert på satirisk måte på «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask», eit skodespel om Debussy sin «Prelude a l'apres-midi d'un faune (Prelude to the Afternoon of a Faun)». «Oh No» er ein vokal versjon av temaet som opphavleg kom ut på Zappa-albumet Lumpy Gravy. Teksten «I think you're probably out to lunch» er ein referanse til Dolphy-albumet Out to Lunch! frå 1964. Avslutninga på albumet og tittelsporet består av at alle musikarane på scenen skapar så mykje støy og feedback som dei kan i løpet av to minutt. Ein kan høyre ein i publikum som roper etter meir då det heile er over. Allmusic Guide konkluderer med at sporet er «heilt logisk sett i samanheng med resten av albumet». Albumet inneheld òg ein blues med Don «Sugarcane» Harris på fiolin og vokal med «Directly From My Heart to You» (som i røynda vart spelt inn under innspelinga av Hot Rats).
Albumet dokumenterer òg den korte perioden Lowell George (gitar og vokal), var i bandet, som gjekk vidare og starta countryrockbandet Little Feat med Mothers-bassisten Roy Estrada . På «Didja Get Any Onya», etterliknar George ein tysk aksent og fortel ei soge om då han var liten gut i Tyskland og såg «mange folk som stod på gatehjørner og stilte spørsmål, 'Why are you standing on the corner, acting the way you act, looking the way you look, why do you look that way?'»
Rykodisc-versjonen på CD inneheld ein annan versjon av «Didja Get Any Onya?» og «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask», med musikk som vart redigert bort frå LP-versjonen. Noko av denne ekstramusikken vart nytta (i forskjellige studioopptak) som akkompagnement på «The Blimp» på Captain Beefheart-albumet Trout Mask Replica, som var produsert av Frank Zappa.
Plateomslag Frank Zappa fekk Neon Park til å skape eit øydeleggande bilete basert på ein artikkel frå magasinet Men's adventure frå september 1956 kalla Man's Life. Etter å ha synt Neon magasinet sa Zappa, «Det er det. Kva kan du gjere som er verre enn dette?» Svaret til Neon var ein parodi på ein reklame for barbermaskin av typen Schick. Plateslekspaet gav ut albumet med dette omslaget trass i at dei var i tvil.
Den tyske utgåva av albumet hadde eit plateomslag som syner ein metallbaby fanga i ei rottefelle. Dette omslaget var ikkje godkjend av Zappa.
Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh vart òg gjeve ut på ny i lag som 2 Originals of the Mothers of Invention, med dei originale omslaga som venstre- og høgresida av innsida av omslaget. På framsida var det bilete av ein pistol som skyt ut tannpasta på ein tannkost.
Mottaking Meldingar om albumet kalla det «merkeleg» (Billboard, 29. august 1970) og ei «tilfeldig samling konsertopptak av the Mothers» (Rolling Stone, 1. oktober 1970). I dag er det plassert i ein historisk samanheng og meldingar i dag er generelt mildare. Eit døme er Christgau's Record Guide (frå 1981), som gav albumet B+. Allmusic gav det 4,5 stjerner av 5, og kalla det ei «fascinerande samling», og sa «Zappa sin alt-går-an-metode og avstanden mellom ekstrema hans er det som til sjuande og sist gjer Weasels Ripped My Flesh forfriskande»http://www.allmusic.com/album/weasels-ripped-my-flesh-r22638/review allmusic review I boka si Viva Zappa!, skreiv Dominique Chevalier at albumet er «eit av Zappa sine mest aggressivt bisarre verk, full av kryssreferansar til frijazz og moderne klassiske musikarar som Luciano Berio». Han sa òg at det beste stykket var «Eric Dolphy Memorial Barbecue», og kalla det «den smartaste hyllesta han kunne ha fått».Viva Zappa 1986 Chevalier, Dominique Page 64
Innhald
Medverkande Frank Zappa – sologitar, vokal Jimmy Carl Black – trommer Ray Collins – vokal Roy Estrada – bass, vokal Bunk Gardner – tenorsaksofon Lowell George – rytmegitar, vokal Don «Sugarcane» Harris – vokal, elektrisk fiolin Don Preston – orgel, elektronisk effektar Buzz Gardner – trompet og flygelhorn Motorhead Sherwood – barytonsaksofon, snorkelydar Art Tripp – trommer Ian Underwood – altsaksofon
Produksjon Produsent: Frank Zappa Kunstnarisk leiar: John Williams Plateomslag: Neon Park Fotografi: John Williams Digital kunst: Bob Stone
Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1970Pop Albums189
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Weasels Ripped My Flesh» frå , den 3. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Mothers of Invention-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Bizarre Records-album