Hovefestivalen var ein norsk musikkfestival som blei arrangert på Hove på Tromøy i Arendal kommune. Festivalen vart skipa i 2007 og vart så arrangert årleg.

Det første året besøkte 72 000 festivalen over fem dagar. Festivalen vart skipa av Morten Sandberg og tidlegare leiar for Quart-festivalen Toffen Gunnufsen. Musikkfestivalen vart erklært konkurs i desember 2008, men er i ettertid vorte drive vidare av det britiske selskapet Festival Republic. Jay-Z, Muse, Slipknot, Snoop Dogg, Beck og The Prodigy er nokre av dei største namna som har gjesta festivalen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kultur i Arendal Kategori:Musikkfestivalar i Noreg Kategori:Skipingar i 2007