Ayn al-Niser (arabisk عين النسر, òg skrive Ain al-Nisr eller Ayni-Nasir) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, nordaust for Homs. Av stader i nærleiken finn ein al-Mishirfeh i vest, Ayn al-Dananir i nordvest, Izz al-Din i nord, al-Mukharram al-Fawqani i aust og Umm al-Amad i søraust.
I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Ayn al-Niser eit folketal på 604 i 2004. Han er det administrative senteret og den 11. største staden i Ayn al-Niser nahiyah («underdistrikt») som består av 16 stader med eit samla folketal på 30 267.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. Innbyggjararane i landsbyen er etniske tjerkessarar frå Shapsugh, Kabardian og Bzhedug-folket.Jaimoukha, Amjad. The Circassians of Syria: Opting for the Rightful Cause Circassians Voices. 2012-07-12.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ayn al-Niser» frå , den 7. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Homs-distriktet Kategori:Byar i Syria Kategori:Tsjerkessarar i Syria Kategori:Tsjerkessiske samfunn