Ben Anthony Foster () er ein engelsk tidlegare fotballspelar som mellom andre spelte for Watford FC, West Bromwich Albion og Birmingham City. Foster var målvakt.
Klubbspel Foster skreiv kontrakt med Manchester United i 2005, men klarte aldri å etablere seg som fyrste-målvakt. Han var utlånt til Watford der han i 2006/07-sesongen vart kåra til årets spelar. 1. mars 2009 vakta han målet då Manchester United sigra over Tottenham Hotspur i straffeskytinga under ligacupfinalen. I mai 2010 vart Foster overført til Birmingham City. Med laget frå Birmingham vann han ligacupen i ein sesong som enda med nedrykk til nivå 2. Han fekk pris som årets Birmingham-spelar, før turen gjekk vidare til West Bromwich-spelar. Også her vart han i 2012 og 2012 kåra til årets klubbspelar. Frå 2018 til -22 gjorde han teneste i Watford. Han la opp i 2023.
Landslagsspel Foster spelte 8 landskampar for England i tida 2007-14, fordelt på åra 2007, 2009, 2010, 2013 og 2014. Hans siste landskamp, VM-kampen 24. juni 2014 mellom Costa Rica og England i Belo Horizonte, enda mållaus og med engelsk farvel til VM i fotball 2014.
Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 2009 med Manchester United og 2011 med Birmingham City Finalist i FA-cupen: 2019 med Watford FC
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Ben Foster (footballer)» frå , den 19. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Kidderminster-spelarar Kategori:Wrexham-spelarar Kategori:Watford-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014