Magni Øvrebotten () er ein norsk journalist, redaktør, og målkvinne frå Botnane i Bremanger. (CC-BY-CA) Ho var distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane frå 1990 til 2004, og leiar for Nynorsk mediesenter frå 2004 til 2021.
Bakgrunn Øvrebotten voks opp på ein gard der ho var den eldste av tre sysken. Ho tok tidleg del i gardsarbeidet, og lærte seg å vera sjølvstendig. Då ho var 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å ta framhaldskule.
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser.
Journalist Alt som 8-åring bestemte Øvrebotten seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der Per Håland var redaktør. Avisa hadde rykte på seg til å vere ein tøff arbeidsstad, og i pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det.»
I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Frå 1980 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør. I 2004 vart ho leiar for NRK Nynorsk mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.
Målkvinne I Botnane var nynorsk målet då Magni Øvrebotten vaks opp. Då ho i vaksen alder vart ei målkvinne og kjempa for eigen og andre sin rett til å skrive på nynorsk, meiner Øvrebotten sjølv at det kan sporast tilbake til historier bestemor hennar fortalde; bestemora måtte skrive dansk på skulen, og syntest det var forferdeleg fordi ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Denne uretten gjorde eit sterkt inntrykk på barnebarnet.
Øvrebotten sat i interimsstyret for Språkrådet frå 2004 til 2006 og var nestleiar i styret der frå 2006 til 2010.
Prisar og utmerkingar
Øvrebotten vart tildelt Nynorsk redaktørpris i 2013. Ho fekk Kringkastingsprisen i 2021.
Privatliv Ho har vore busett i Naustdal sidan 1982 med ektemannen Åsmund Berthelsen og born.
Kjelder
Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-tilsette Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Bremanger