«Frøken Alfabet» er ein singel av Jens Book-Jenssen med Willy Andresens orkester, gjeven ut i 1960 (His Master's Voice AL 6092). Melodien er skriven av Ernst Aas. Teksten er skriven av Oddvar Eika.

Eurovision Melodi Grand Prix 1960 «Frøken Alfabet» deltok i Melodi Grand Prix 1960, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Jens Book-Jenssen i semifinalen, og enda på fjerdeplass med 28 poeng. I finalen vart songen framført på norsk av Per Müller, og enda på sjetteplass med 59 poeng.

Fotnotar

Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Melodi Grand Prix 1960-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Jens Book-Jenssen-songar Kategori:Per Müller-songar