Kvithovudalbatross (Thalassarche carteri) er ein albatrossart som hekkar på øyar i sørlege Indiahavet, med størst hekkepopulasjon på Île Amsterdam. Det engelske artsnamnet er eller . Dette taksonet er tradisjonelt, og per 2023 av somme som Clementslista ('eBird/Clements checklist'), rekna som ein underart av gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos.
Skildring Kvithovudalbatross er ein liten albatross i denne biologiske slekta, med ei kroppslengd på ca. 76 cm, vengespenn på 200 cm og dei kan ha kroppsvekt i området 1,8-2,9 kg. Han har ei slank kroppsbygging med smale venger og relativt tynnt nebb. Undersida er kvit, undervengen har ei tynn mørk rand både i framkant og bakkant, ryggen, overside av vengen og halefjørene er mørke. Hovudet er i mest kvitt, kjakane har gråleg skugge, men er langt lysare enn på gulnasealbatross. Eit anna kjenneteikn som skil han frå gulnasealbatrossen er den mørke flekken rundt auga som nesten ikkje er synleg på T. carteri. Nebbet er mørkt med ei gul stripe på oversida.Onley, D.; Scofield, P. 2007. Albatrosses, petrels and shearwaters of the world. Helm Field Guide, Princeton University Press. Leveområdet utanom hekketida er i sørlege Indiahavet og austover til New Zealand. Populasjonen er trudd å vere ca. 83 000 individ og er minkande.BirdLife International (2014)
Kjelder BirdLife International (2022) Species factsheet: «Thalassarche carteri». Henta frå http://www.birdlife.org den 7. mars 2022 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Albatrossfamilien Kategori:Île Amsterdam Kategori:Fuglar i Indiahavet