Ayn al-Tineh (arabisk عين التينة eller Ain al-Tineh) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, aust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein distriktssenter al-Haffah i nordvest, Slinfah i nordaust, Farikah og Nabl al-Khatib i aust, Shathah i søraust, Muzayraa i sør og al-Shir i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ayn al-Tineh eit folketal 1 333 i 2004. Han er det administrative senteret i Ayn al-Tineh nahiyah («underdistrikt») som inneheld 13 stader med eit samla folketal på 6 825.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.Balanche, 2006, s. 88.
Byben ligg på ein kalksteinsutstikkar nord i an-Nusayriyah-fjella,Balanche, 2006, s. 177. 800 meter over havet.Boulanger, 1966, s. 467. Han ligg mellom al-Haffah og Muzayraa, og Ayn al-Tineh er skild frå dei to byane av wadiar. «Ayn al-Tineh» er òg namnet på ei kjelde som flyt under den nærliggande Salah Ed-Din-borga.Boulanger, 1966, s. 458.
Ayn al-Tineh var historisk sett eit len som høyrte til Kheirbek-klanen, ein viktig familien i dei syriske tryggingsstyrkane og ein del av Kalbiyya-føderasjonen. I følgje den franske forskaren Fabrice Balanche er Ayn al-Tineh ein av fleire landsbyar i kystfjella, som al-Tawahin, som er avhengig av den syriske hæren og staten. Fattigdomen i landsbyen er ein motivasjonsfaktor for at det er så mange tilsett i tryggingsstyrkane og dei vert støtta av den herskande Assad-familien. Dette står i kontrast til andre fattige alawittar landsbyar i regionen som ofte har vore i strid med prominente alawittarfamiliar og ikkje fått dei same fordelane frå staten som Ayn al-Tineh har fått.Balanche, 2006, s. 180.
Under styret til Hafez al-Assad i 1980-åra og 1990-åra, ein hussainia (sjiamuslimsk moské) grunnlagd i Ayn al-Tineh. Han var den minste som vart bygd av al-Murtada-rørsla, og målte 40 kvadratmeter. Under Hafez-styret fungerte hussainias hovudsakleg som møte for den lokale opposisjonen, men dette endra seg når forholdet mellom det sjia-dominerte Iran og Syria auka dramatisk då den noverande presidenten Bashar al-Assad kom til makta.Sindawi, Khalid. The Shiite Turn in Syria . Center on Islam, Democracy and the Future of the Muslim World. Hudson Institute. 2009-06-23.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ayn al-Tineh» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i al-Haffah-distriktet