Hochfeiler er ein 3 509 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom forbundslandet Tirol i Austerrike og provinsen Bolzano (Sør-Tyrol) i Italia. Fjellet er det høgste i fjellkjeda.
Fyrstebestiginga vart gjort sommaren 1865 av Paul Grohmann i fylgje med fjellførarane Georg Samer og Peter Fuchs.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hochfeiler» frå , den 21. juni 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia