St. Govan's Chapel er eit kapell ved St. Govan's Head i Pembrokeshire sør-vest i Wales.

Kapellet er bygd inn til ei kalksteinsklippe, og bygningen har mål på ca. 6,1 x 3,7 meter med vegger bygd av kalkstein, og består berre av eit rom. Størstedelen av kapellet vart bygt på 1200-talet, sjølv om delar av det moglegvis kan vere eldre og stamme frå det 500-talet, då munken Govan flytta inn i ei hòle der kapellet no ligg. Ei legende vil ha det til at heilage Govan er gravlagd under altaret til kapellet, som ligg i austenden av bygningen. Inngangen er via ei dør i nordenden, låge steinbenkar gårlangs nord- og sørveggane, og det er eit tomt oppheng for ei klokke i vestenden. Ein rekner med at skifertaket er av nyare dato samanlikna med resten av bygningen.

Bygningen er tilgjengeleg frå toppen av klippene ved å klatre ned 52 trappetrinn, sjølv om turistaktørar gjerne spreier myten om at det er ulike tal trinn opp og ned om ein tel.

Bygningen vart verna med såkalla Grade I status 2. august 1996. I dag ligg bygningen innanfor skytefeltet til det britiske forsvaret Castlemartin East Firing Range, noko som avgrensar tilgjenget til bygningen når skytefeltet er i bruk og stengt for allmugen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pembrokeshire Kategori:Kyrkjer i Wales