Østre Gausdal prestegard eller Riddervold prestegard var prestegarden for Gausdal, seinare Østre Gausdal. Han vert ofte omtala under mellomaldernamnet sitt, Reidevoll, som òg har gjeve namn til stiftinga som driv garden i dag.
Garden er første gong omtala i 1333, då biskopen oppheldt seg der i samband med eit makeskifte. Garden slo i løpet av 1400-talet under seg noko jord frå nabogarden Kveine, og han skal òg ha slått under seg andre gardar som Skjerve på nordsida. Plasseringa av tunet er endra sidan mellomalderen. I dag ligg gardsbygningane nær krysset ved fylkesveg 254. Tidlegare låg tunet truleg om lag midt imellom dette og Østre Gausdal kyrkje. Gerhard Schøning vitja garden i 1775 medan flyttinga gjekk føre seg.
Våningshuset går for å vere den største prestegardsbygningen i Noreg. Huset har tre etasjar med 36 rom over 1300 kvadratmeter, og det har tidlegare òg hatt eit par tverrfløyer.Stiftelsen Reidevoll . Det har dessutan vore ein terrassert barokkhage på staden. Initiativtakar for dette og resten av anlegget var sokneprest Andreas Pihl (1726–81).Far til Abraham Pihl, jf. Norsk slektshistorisk forening .
Gausdal har sidan fått ein ny prestebustad.Opplysningsvesenets fond . Den tidlegare prestegarden vert i dag driven av Stiftelsen Reidevoll og husar soknerådet og Gausdal historelag.Nettstaden til historielaget. Ein leiger dessutan ut lokale. Stabburet på den andre sida av vegen husar Galleri Riddervold. Prestegardsbygningen er freda.
Kjelder Fotnotar
Bibliografi
Denne artikkelen bygger på «Østre Gausdal prestegård» frå , den 1. juli 2014. Bakgrunnsstoff
Stiftelsen Reidevoll
Kategori:Kulturminne i Gausdal Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Byggverk i Gausdal Kategori:Gardar i Innlandet Kategori:Freda bygg i Innlandet