Kafr Batna (arabisk كفر بطنا, òg skrive Kfar Batna og Kafar Batna) er ein by i Rif Dimashq guvernement sør i Syria og ein forstad til Damaskus.Burns, s.14-15.Siddique, Haroon. Syrian troops battle to retake Damascus suburbs. The Guardian. 2012-02-29. Henta den 26. juni 2014. Han ligg kring 4 km aust for nabolaget Bab Sharqi.Oriental Ceramic Society, s.24. Kafr Batna hadde eit folketal på 22 535 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement.

Historie Namnet Kafr Batna indikerer at han var tidlegare ein arameisk landsby i jarnalderen.

Under Qays-opprøret mot abbaside-guvernøren av Syria, slo opprørarane leia av Muhammed ibn Bayhas leir i byen i 842 evt. før dei drog vidare til Damaskus. Her fekk dei støtte frå andre landsbyar i Ghouta-området, som hjelte dei i det mislukka oppøret.Cobb, s.97. Yaqut al-Hamawi vitja byen i 1226, under Ajjubide-dynastiet, og skidlra han som «ein landsby på Ghautah ved Damaskus, i Da'iyyah iklim (distrikt).» Han skreiv òg at somme medlemmar av Umayyade-folket, som styrte i Syria fram til midten av 700-talet, framleis budde i Kafr Batna.le Strange, s.469.

Syrisk opprør Somme av innbyggjarane i Kafr Batna har delteke på begge sider under den syriske borgarkrigen. Den 29. januar 2012 køyrde stridsvogner frå den syriske hæren inn i forstaden for å drive ut opprørarar i Den frie syriske armeen (FSA), som hadde stillinga der. Sjølv om det ikkje er verifisert, rapporterte aktivitstar mot regjeringa at fem FSA-soldatar og 14 sivile, inkludert minst ein mindreårig, vart drepne under åtaket.Forces battle to retake Damascus suburbs. The Daily Star. 2012-01-30. Henta den 26. juni 2014.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kafr Batna» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene: . . .

Kategori:Busetnader i Markaz Rif Dimashq-distriktet Kategori:Byar i Syria