Zabadani (arabisk الزبداني) er ein by sørvest i Syria i Rif Dimashq guvernement, nær grensa til Libanon. Han ligg 1100 meter over havet, midt i ein grøn dal omgjeve av høge fjell.

Oversyn Samanlikna med Damaskus er vêret i Zabadani generelt mindre varm om sommaren, kring 5-8 grader lågare, men frå desember til slutten av februar er han mykje kaldare og får ein del snø, og temperaturane kan falle til -10 ºC. Det milde været og den flotte naturen har gjort staden til ein populær feriestad både for syrarar, særleg frå Damaskus og titusenvis av turistar frå Den arabiske halvøya. Enno høgare oppe ligg nabobyen Bloudan på 1500 moh, som og vert vitja av mange turistar.

Zabadani er hovudsakleg busett av sunnimuslimar, men her finst òg ein god del kristne. Dei kristne har bygd sine eigne kyrkjer og kloster. Zabadani veks raskt og har gode vegsamband til Damaskus.

Den syriske borgarkrigen

Den 18. januar 2012 vart Zabadani den første byen som fall til Den frie syriske armeen etter eit blodig slag som varte i 11 dagar.

Den 11. februar fekk den syriske hæren attende kontrollen over byen.

Byen Zabadani er særs viktig for regjeringa i Syria og for Iran, sidan byen tente som transportknutepunkt for Iranian Revolutionary Guard Corps i forsyninga av Hizballah.

Venskapsbyar Neunkirchen i Saarland i Tyskland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Zabadani» frå , den 4. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Meir informasjon frå MiddleAust Information Network Side om Zabadani

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Al-Zabadani-distriktet