Al Hamidiyah (eller al-Hamidiyya) (arabisk الحميدية) er ein by ved kysten av Syria, kring 3 km frå grensa til Libanon. Byen vart grunnlagd på kort tid etter ordre frå den osmanske sultanen ‘Abdu’l-Hamid II kring 1897, for å vere tilfluktsstad for muslimske kretarar, ofte omtalt som kretiske tyrkarar, men i røynda greske muslimar. Dei vart tvungen til å forlate Kreta då øya vart erobra av kongedømet Hellas frå Det osmanske riket under den gresk-tyrkiske krigen, og flytta av sultan 'Abdu'l-Hamid II her og andre kystbyar i Levanten og til og med Libya. I dag bur kring 8 000 innbyggjarar i byen, og flesteparten snakkar kretisk gresk til dagleg. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Hamidiyah eit folketal på 7 404 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement.
Sjå òg Kretiske tyrkarar Greske muslimar Grekarar i Syria Kreta Kretisk historie
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al-Hamidiyah» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Tartus-distriktet Kategori:Kystbusetnader i Syria Kategori:Byar i Syria