Marmarita (arabisk مرمريتا, gammalsyrisk ܡܪܡܪܝܬܐ, Marmarītā) er ein gresk-ortodoks landsby nordvest i Syria. Marmarita er ein av dei største landsbyar i Wadi al-Nasarah («Dalen til dei kristne»), ein region nord for Talkalakh. Han er òg ein populær sommardestinasjon og turistdestinasjon i Syria. Landsbyen har vore ein del av Homs guvernement sidan 1953, og var før det ein del av Latakia guvernement. I 2004 hadde Marmarita eit folketal på 2 206, i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS),Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement.

Etymologi Namnet Marmarita trur ein kjem frå det syriske ordet Marmanitha, som tyder 'ein stad med utsyn', og syner truleg til plasseringa til Marmarita oppom Akkarplatået og Middelhavet. Arabisk leksikon indikerer at namnet «Marmarita» kjem frå det syriske ordet Marmarato, som tyder «gud av gudar»

Historie Marmarita vart busett tidleg på 1600-talet av fire bondefamiliar frå Libanon og Hauransletta. Desse familiane bygde tre kyrkjer (St. Johannes, St. Saba og St. Boutros) som framleis står i utkanten av landsbyen. Ei lokal segn indikerer at landsbyen var busett så tidleg som på 500-talet fvt., men vart øydelagd av eit vulkanutbrot."A palaeomagnetic study of Upper Pliocene volcanic rocks in the area of the Levant Fault near Homs, western Syria», Geofísica Internacional (2005), Vol. 44, Num. 3, s. 221-230 Det finst ingen spor etter ein tidlegare fønikisk busetnad her.

Turisme Marmarita er omgjeve av ruinar og historiske stader. Dei mest kjende av desse er Krak des Chevaliers (òg kalla «Qal'at al-Ḥiṣn»), ei krossfararborg bygd av Johanittarordenen frå Jerusalem frå 1142 til 1271. Borga er rekna som ei av dei best bevarte mellomalderborgene i verda av UNESCO."World heritage List Crac des Chevaliers and Qal’at Salah El-Din» http://whc.unesco.org/en/list/1229

Det årlege Karnevalet i Marmarita kom i gang i 1980 og består av ein prosesjon av kjøretøy og dansarar i kostyme..

Folketalet i Marmarita varierer stort med årstida, frå 2 500 om vinteren, til 25 000 til 30 000 om sommaren, då mange kjem hit på ferie.

Transport Marmarita ligg kring 13 km nord for motorvegen M1, kring halvvegs mellom Tartus og Homs.

Dei næraste flyplassane til Marmarita er Bassel al Assad internasjonale flyplass (LTK) i Syria (93 km), Beirut internasjonale flyplass (BEY) i Libanon (163 km) og Damaskus internasjonale flyplass (DAM) i Syria (196 km).

mini|Ei moderne kyrkje i Marmarita.

Terrorisme Den 17. august 2013 kom det meldingar om at terroristar hadde drepe og skadd syriske kristne i Marmarita og nabobyen Al-Hasn, under den religiøse høgtida kalla «Hensovinga til Theotokos».http://www.syrianews.cc/terrorists-killed-syrian-christians-homs/ Ein trudde at Den frie syriske armeen eller al-Nusra Front var ansvarleg, men Jund al-Sham (soldatar av Levanten) tok seinare på seg ansvaret.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marmarita» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Informasjon om Marmarita

Kategori:Busetnader i Talkalakh-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria