Muadamiyat al-Sham (arabisk معضمية الشام, Moadamiya eller Moadamiyah) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, 10 km sørvest for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Darayya i aust, Judaydat Artuz og Sahnaya i sør, og Qudsaya i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde byen eit folketal på 52 738 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. Byen er kjend for olivenhagane sine.
Under den syriske borgarkrigen vart Moadamiyah kringsett av dei pro-statlege styrkane i april 2013, og var ein av områda i Damaskus som vart råka av eit sarinåtak den 21. august 2013 (Det kjemiske åtaket i Ghouta). Då ein reporter frå Wall Street Journal vitja byen i oktober 2013 var folketalet i den framleis kringsette byen ned til kring 12 500, og innbyggjarane sa at matforsyningane var få.Sam Dagher, Wall Street Journal, 2. oktober 2013, Syrian Regime Chokes Off Food to Town That Was Gassed
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muadamiyat al-Sham» frå , den 6. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Darayya-distriktet Kategori:Byar i Syria