Kari Ørbech () var ein norsk ungdomsbokforfattar frå Årdal.
Ho debuterte i 1936 med Den forjettede by, og skreiv i alt 17 bøker. Gjennombrotet fekk ho med si neste bok Hun som fikk navnet Loretta (1952), som ho fekk Kirke- og undervisningsdepartementets pris og Dammprisen for. Ho vann departementet sin pris igjen i 1973 og 1974, med Alt kan hende Peder og Stormdagen. Ørbech skreiv både på bokmål og nynorsk, og nokre av bøkene vart utgitt i begge målformene. Tre av bøkene er omsett til svensk, og ei til russisk.
Ørbech sitt forfattarskap er prega av sosial og psykologisk realisme, etisk alvor og vilje til å drøfta problem. Ho skildrar ungdomskriminalitet i Redningen (1967), tenåringsgraviditet i Liv og Lars (1971) og ein 16-åring sitt inntrykk av foreldra si skilsmisse i Det kan ikke være sant (1956). Hovudpersonane hennar vel ofte løysingar som inneber brot med tradisjonelle oppfatningar i deira heimemiljø.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Birkeland, Risa, Vold. Norsk barnelitteraturhistorie. 2. utg. Samlaget, 2005. ISBN 82-521-5933-8 Bygdebok for Årdal Band 2. Kulturbandet . 1978 Karin Beate Vold, red. Høydepunkt II, 33 norske forfattere velger og kommenterer egne barneboktekster. Tiden forlag, 1981. ISBN 82-10-02145-1
Bakgrunnsstoff Om Kari Ørbech i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Forfattarar frå Årdal Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar