Benitoitt er eit sjeldant mineral som dannar vene blå krystall innvokst i natrolitt frå ein førekomst i San Benito County i California i USA. Det kan av og til fasetterast. Mineralet krystalliserer trigonalt og er eit barium-titan-silikat, BaTiSi3O9.

Det vart først skildra i 1907 av George D. Louderback, som gav det namn etter han fann mineralet nær kjelda til San Benito River.Louderback, George Davis. Bentiote, A New California Gen Mineral. Bulletin of The Department of Geology, Vol. 5, No. 9. University of California Publications. July, 1907http://www.mineralsocal.org/scfm/newsletters/2002%20march.htm Friends of Mineralogy review of benitoite

Kjelder Benitoitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/benitoitt.

kategori:Syklosilikat kategori:Edelsteinar kategori:Geologi i California kategori:Titanmineral kategori:Heksagonale mineral kategori:Bariummineral