Heliotrop, òg kalla blodstein, er eit mineral med i form av ein djupgrøn kalsedon med flekkar av raud japsis. Det vert nytta i ringar, signet og liknande. Mineralet finst i India.
Dei raude flekkane skal visstnok sjå ut som blodflekkar, som har gjeve det namnet blodstein. Namnet helitrop kjem frå gresk ήλιος helios, sol, τρέπειν trepein, å snu, sidan mineralet reflekterer lys. Det var mellom anna skildra av Plinius den eldre i antikken.
Kjelder Blodstein: heliotrop. (2009, 17. mai). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/blodstein%2Fheliotrop.
Bakgrunnsstoff
kategori:Kvartsvariantar