MF «Fitjar» er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund i juni 1973 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja er framleis i reiarlaget som endra namn til HSD Sjø i 2001 og Tide Sjø i 2006, før det vart ein del av Norled. «Fitjar» har gjennom det meste av fartstida gått i sambandet Skånevik–Matre–Utåker.
I 2017 er ferja framleis i fart, men no som reserveferje i Hordaland. Gått Kvanndal Utne i stort sett heile 2016 og ut i 2017 før den var på lengre verkstadopphald i Ølen på full oppgradering
Ferjeruter 1973 - 1998: Skånevik–Matre–Utåker 1974 - ca. 1983: Nattferje Utbjoa-Jektevik-Våge-Halhjem Mai 1985 - april 1986: Halhjem-Sandvikvåg 1998 - 2001: Leirvik-Ranavik-Sunde 2006 - desember 2010: Skånevik–Matre–Utåker Sidan 2011: Reserveferje
Kjelder Skipet.no «Fitjar» på Fjordfähren (tysk)
Bakgrunnsstoff «Fitjar» på marinetraffic.com Video frå sambandet Årsnes-Gjermundshamn der MF «Fitjar» trafikkerte i april 2013.
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Norled-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1973 Kategori:Skip bygde ved Haugesunds Slip Kategori:1973 i Noreg