Chalkanthitt er eit mineralogisk namn på koparsulfat, CuSO4·5H2O, (koparvitriol). Det vart danna sekundært i kopargruver, til dømes ved Løkken i Meldal i Sør-Trøndelag, der det vart funne saman med gips som vene krystall i ein del av gruva som hadde stått under vatn i 125 år.
Kjelder Chalkanthitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
kategori:Hydrat kategori:Koparmineral kategori:Sulfatmineral kategori:Giftige mineral kategori:Triklinske mineral