Covellin (engelsk covellite) er eit mineral som består av koparsulfid, CuS. Covellin er indigoblått og særs bløytt (hardleik 1,5–2). Det krystalliserer heksagonalt. Finst oftast sekundært etter chalkopyritt og chalkositt, men kan òg vere danna primært. Det er ein viktig koparerts i Chile, Bolivia og New Zealand.

I Noreg er covellin påvist i ei rekkje førekomstar, men i særs små mengder.

Det er kalla opp etter den italienske mineralogen Nicola Covelli (1790–1829).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Koparmineral kategori:Sulfidmineral kategori:Heksagonale mineral