Große Geiger er ein 3 360 meter over havet høg fjelltopp i dei såkalla Venediger-fjella i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg.
Große Geiger reiser seg heilt åleine midt på Tauernhauptkamm, hovudfjellkjeda i denne delen av Alpane. Med si utprega symmetriske pyramideform og den mektige nordvestveggen, som reiser seg 350 meter i meir enn 50° over isbreen Obersulzbachkees, er fjelltoppen det dominerande landemerket i heile Obersulzbachtal. Mot alle fire himmelretningane går markerte egger.
Då fjelltoppen er lett å nå, er Große Geiger eit ynda turmål, også for klatrarar. Dei fyrste til topps, Richard Issler og fjellføraren Michael Groder, kleiv opp frå sørsida den 20. august 1871, der Johannishütte står i dag.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Großer Geiger» frå , den 22. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike