Dumortieritt er eit blått til fiolett mineral, eit aluminium-bor-silikat med formel Al7(BU3)(SiO4)3O3 og rombisk symmetri. Det har vore nytta som keramisk råstoff, men er elles relativt sjeldan.
Det er særleg kjent frå aluminiumrike metamorfe bergartar (i Noreg frå Arendal–Risør-traktene).
Dumortieritt vart først skildra i 1881 etter ein førekomst i Chaponost i Rhône-Alps i Frankrike og kalla opp etter den franske paleontologen Eugène Dumortier (1803–1873).
Kjelder Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Dumortieritt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/dumortieritt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Aluminiummineral kategori:Boratmineral kategori:Nesosilikat kategori:Edelsteinar kategori:Ortorombiske mineral