Marzellspitze er eit 3 555 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet ligg på fjellryggen Schnalskamm, i mellom Similaun og Hintere Schwärze.

Marzellspitze består av tre toppar, den høgste er Austre Marzellspitze, medan vesttoppen når 3 540 meter over havet og den midtre 3 530 moh. Landegrensa mellom Austerrike og Italia går over alle tre toppane.

Austre Marzellspitze vart klive fyrste gongen 24. juli 1872 av fjellføraren Johann Pinggera frå Sulden og fjellklatraren Victor Hecht, busett i Praha.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marzellspitzen» frå , den 25. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia