Große Löffler er ein 3 379 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Like nord for fjelltoppen er den 3 225 moh høge grannetoppen Kleine Löffler.
Det pyramideforma fjellet strekker ut markante eggar i nær alle fire himmelretningane. Landegrensa melllom Austerrike og Italia går langs søregga. I bergsidene og ved foten av fjellet ligg større og mindre isbrear.
Den 12. september 1843 steig den austerriksk-slovenske geologen Marko Vincenc Lipold til topps på Große Löffler, saman med ein gemsejeger frå grenda Ginzling.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Großer Löffler» frå , den 25. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia