Epsomitt, òg kalla epsomsalt, engelsk salt eller bittersalt, er eit fargelaust til kvitt mineral som består av vasshaldig magnesiumsulfat, MgSO4·7H2O. Det krystalliserer rombisk. Mineralet er lett løyseleg i vatn.http://www.phasediagram.dk/binary/magnesium_sulfate.htm fasediagram for MgSO4 – H2O I tørr luft kan det miste éit molekyl krystallvatn og gå over til heksahydritt. Det finst naturleg som utblomstringar (efflorescensar), i avsetninger frå mineralkjelder og ved fumaroleaktivitet, og dessutan i saltførekomstar. Saltet vart første gongen framstelt i England av N. Grew i 1695 av mineralvatn frå kjeldene i Epsom, og mineralet har fått namn etter denne staden. Saltet vart tidlegare brukt som avføringsmiddel, ved etterbehandling av tekstil (appretur), i gjødsel, badesalt og meir.

Kjelder Epsomitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/epsomitt.

kategori:Magnesiummineral kategori:Sulfatmineral kategori:Grottemineral kategori:Ortorombiske mineral