Wilde Freiger er ein 3 418 meter over havet høg fjelltopp i Stubaieralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.
Fjelltoppen reiser seg på hovudfjellkjeda i Alpane, mindre fjellskar skil Wilde Freiger frå dei nærliggjande toppane Wilde Pfaff og Zuckerhütl. Frå Grünausee ved Sulzenauhütte i nord har ein eit storfelt utsyn mot Wilde Freiger (sjå foto i infoboks).
I 1865 tok ein F. Leis og to alpekarar («Älpler») seg til topps på fjellet og vart dermed fyrstebestigarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilder Freiger» frå , den 27. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Fjell i Italia