Revar (Vulpini) er altetande landlevande rovdyr i hundefamilien. Revane er inga systematisk gruppe, men er sett saman av fleire liknande hundedyr.
Det finst ulike reveartar i nær alle verdsdelane. Den best kjende reven i Noreg er raudrev, men det finst òg ei mindre gruppe fjellrev i landet.
Skildring Revar er mindre enn dei fleste andre hundedyra, med ein storleik typisk lik den til ein huskatt. Dei lever som regel åleine innanfor strengt oppdelte territorie, og held til i revehi. Dei kan bli 10–12 år, men dette er uvanleg i naturen.
Kultur Revar blir gjerne rekna som slu og smarte dyr. Han er kjend som den lure vennen til den dumme bjørnen i norsk folkedikting, og som lurefiguren Reynard i fleire europeiske tradisjonar.
Eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula er kalla reven.
Slekter Vulpes Alopex Fennecus Urocyon Lycalopex Pseudalopex Dusicyon Cerdocyon
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fox» frå , og «Ræv» frå den 2. januar 2006.
Bakgrunnsstoff