Hochalmspitze er eit 3 360 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste i Ankogel-massivet, reiser seg aust for landsbyen Mallnitz.
Andreas Pucher, Josef Moritz og Jakob Haman vart dei fyrste menneska på Hochalmspitze då dei kleiv til topps den 30. august 1855.
På 1970-talet var det planar om å byggje skianlegg på ein av breane på Hochalmspitze. For å stogge desse planane kjøpte Oesterreichischer Alpenverein i 1988 7,5 kvadratkilometer grunn kring fjellet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hochalmspitze» frå , den 30. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Kärnten