Jalpaitt er eit tetragonalt mineral. Det er kjemisk sett eit sølv-kopar-sulfid, Ag3CuS2.
Det vart først skildra i 1858 etter ein førekomst i Leonoragruva i Jalpa i Zacatecas i Mexico og kalla opp etter lokaliteten. Det skal òg vere funne som eit sjeldant mineral på Kongsberg.
Kjelder Jalpaitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/jalpaitt.
kategori:Sulfidmineral kategori:Koparmineral kategori:Sølvmineral