mini|Nidhogg ved rota av Yggdrasil. Islandsk illustrasjon frå 1600-talet.
Nidhogg (norrønt Níðhǫggr) er ein stor, drakeliknande orm den norrøne gudetruasom held til ved eine rota til verdstreet Yggdrasil. Nidhogg er omtalt i Voluspå og Grimnesmål i Den eldre Edda og hjå Snorre Sturlason i Gylvaginning i Den yngre Edda.
Ormen livnærer seg på «lik av daude». Han held til ved brunnen Kvergjelme, og prøver stadig å gnaga sund rota så treet skal rotna og døy. Men treet har ei eiga livskraft som gjer at det held seg oppreist og sterkt. Dessutan ausar dei tre nornene Urd, Verdande og Skuld livsgjevande vatn frå urdarbrunnen over røtene kvar kveld.
Ekornet Ratatosk spring opp og ned i Yggdrasil og formidlar hatske ord mellom Nidhogg og ørna som sit i toppen av treet.
Eit bilete av Nidhogg er gitt i siste strofa av Voluspå, etter volva har skildra den nye verda som kjem etter Ragnarok.
Kjem den dimme draken fljugande, fråne-orm, nedan frå Nida-fjelli. Ber lik i fjørom, flyg yver voll Nidhogg nåbleik. No mun ho søkke.
Nidhogg er ein av dei som skal overleva Ragnarok.
Kjelder
Litteratur Voluspå (Den eldre Edda), vers 42 og 66 Grimnesmål (Den eldre Edda), vers 32 Snorre Sturlasson, Gylvaginning (Den yngre Edda)
Kategori:Dyr i norrøn mytologi Kategori:Mytologiske ormar