Magerstein (italiensk Monte Magro) er ein 3 273 meter over havet høg fjelltopp i Rieserferner-massivet i Hohe Tauern i provinsen Bolzano i Italia. Fjelltoppen kjem i skuggen av den noko høgre Schneebiger Nock, som reiser seg om lag 1200 meter unna i nordvestleg retning på ei egg som strekker seg mellom dei to toppane. På nordsida av Magerstein breier Westliche Rieserferner seg, den største isbreen i Rieserferner-massivet.
Dei fyrste på toppen av Magerstein var Reinhold Seyerlen og professor Reuschle frå Stuttgart, saman med Stefan Kirchler, den 10. juli 1878.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Magerstein» frå , den 1. august 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia