Liebigitt er eit gulgrønt sekundært uranmineral, Ca2(UO2)(CO3)3·10H2O.

Det vart først skildra i 1848 etter ein førekomst i Adrianople i provinsen Edirne i regionen Marmara i Tyrkia. Det vart kalla opp etter den tyske kjemikaren Justus von Liebig (1803–1873).

Det opptrer som fluorescerande belegg i ein granittpegmatitt i Kraudsherad.

Kjelder Liebigitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/liebigitt.

kategori:Karbonatmineral kategori:Uranmineral kategori:Ortorombiske mineral