Magnetitt eller magnetjernstein er eit mineral som består av jernoksid, Fe3O4, med 72 % jarn. Det er svart og metallisk, tungt og sterkt magnetisk. Det krystalliserer kubisk med spinell-struktur. Finst utbreitt i små mengder (aksessorisk) i ei rekkje bergartar og er til dels anrika i sandavleiringar. I større førekomstar utgjer det ein svært viktig jernmalm. Kirunamalmane er magnetittmalmar som er danna magmatisk.
Av norske jernmalmførekomstar har Sør-Varanger og Fosdalen magnetittmalmar, medan Rana og Søftestad har ei blanding av magnetitt og hematitt. Magnetitt finst òg på skarnførekomstar ved Arendal og i Oslofeltet.
Kjelder Magnetitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/magnetitt.
Bakgrunnsstoff Mineralgalleri
kategori:Jernmineral kategori:Spinellgruppa kategori:Ferromagnetiske stoff kategori:Jernoksidpigment kategori:Kubiske mineral