Melanteritt eller jernvitriol er eit grønleg mineral med den kjemiske samansetjinga FeSO4· 7H2O,. Det blir danna ved forvitring av sulfid, særleg i fuktige gruvegangar (som i Løkken verk). Andre jernsulfat med lågare vassinnhald finst òg i naturen: siderotil (FeSO4· 5H2O), rozenitt (FeSO4· 4H2O) og szomolnokitt (FeSO4· H2O); alle tre er rapportert frå Noreg.

Det vart først skildra i 1850.

Kjelder Melanteritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/melanteritt.

kategori:Sulfatmineral kategori:Jernmineral kategori:Monokline mineral