Mullitt er eit mineral som består av aluminiumsilikat, Al6Si2O13, rombisk struktur. Det vert danna ved særs høg temperatur og er difor sjeldan i naturen. Det er ein viktig bestanddel av til dømes keramikk og fleire eldfaste material. Det oppstår ved oppvarming av andalusitt, kyanitt eller sillimanitt til kring 1300 °C. Det vert framstilt av desse minerala, og blir til brukt høgeldfast material, til dømes i tennpluggar.

Mullitt vart først skildra i 1924 etter ein førekomst på Isle of Mull i Skottland.

Kjelder Mullitt. (2011, 29. desember). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/mullitt.

kategori:Nesosilikat kategori:Ortorombiske mineral