Nosean eller noselitt er eit fargelaust til blått mineral. Det finst i dagbergartar (fonolittar). Kjemisk sett er det eit sulfathaldig natrium-aluminiumsilikat. Mineralet krystalliserer kubisk og tilhøyrer sodalittgruppa.

Det vart først skildra i 1815 frå Rheinland i Tyskland og kalla opp etter den tyske mineralogen K.W. Nose (1753–1835).

Kjelder Nosean. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nosean.

Bakgrunnsstoff

kategori:Feldspatoid kategori:Sodalittgruppa kategori:Natriummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Sulfatmineral kategori:Kubiske mineral