Okenitt er eit kvitt mineral i zeolittgruppa som opptrer i fibrige massar, særleg på holrom i basalt saman med apofyllitt og ulike zeolittar. Det er eit triklint kalsiumsilikat med vatn og den kjemiske formelen er Ca5Si9O23·9H2O.

Det vart først skildra i 1828 etter ein førekomst på øya Disko på Grønland og kalla opp etter den tyske naturalisten Lorenz Oken (1779–1851).

Dei er særleg kjend frå frå Mumbai i India. I Noreg er det skildra frå Sulitjelma.

Kjelder Okenitt. (2009, 20. mars). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/okenitt.

kategori:Fylosilikat kategori:Triklinske mineral